Éindagsfestival i vakre Hosanger 29. juni 2024

Ein intim éindagsfestival med fokus på kulturhistorie, kunst-, musikk- og mat-opplevingar av høg kvalitet. Særeigne arenaer som ombygd kiste- og møbelverkstad, gammal smie, naust, kyrkje, treskofabrikk og eit dampskip(!), i den idylliske, vesle bygda Hosanger på Osterøy.

Laurdag
29. Juni 2024

Hosanger
Osterøy

Gjennom ein heil junidag kan sambygdingar og tilreisande vandra fritt i historiske omgjevnader, ta del i og få morosame, sanselege, interessante, bevegande og rare opplevingar servert av profesjonelle utøvarar innan kunst, musikk, kulturhistorie og mat.